31.08.2007

LEGIMITASJON

Kjære Herman Friele!

Etter å ha høyrt deg seie legimitasjon minst 20 gongar i eit kort lite intervju må eg berre be deg om å ta med deg all legimiteten din og pakke deg ut av rådhuset. Det kan ikkje være slik at ein latar som å være folkevald utan legitimitet og eg vil trekkje det så langt som til at saker ein ikkje klarar å uttale burde ein heller ikkje tukle med. Men artig var det når nokon konsentrerar seg om å utrykkje sine talefeil med klar og tydeleg diksjon, nesten som å understreke sin mangel på legitimitet som politikar.

08.02.2007

Straumtjuv i Lakselv

Ja så sat eg her då, i Lakselv, innst i Porsangerfjorden og bloggar endeleg att. Etter lang tids fråvær i bloggeverda har eg atter sett det naudsynt å komme med ein epistel om flyplassar, flygeselskap og kanskje meire til. Eg er altså i Lakselv. Slett ingen dårleg plass her er det butikkar, skular ca 2300 folk, ein del rein og skuterløyper nesten inn i sentrum. Men å komme seg til å frå skjer med fly og til og med med Widerøe. No er eg svært glad i Widerøe for dei flyr ofte dit eg skal, og det set eg stor pris på. Det eg derimot ikkje er så glad i er at dei nesten aldri flyr når dei skal. No skal eg ikkje skulde det på Widerøe for det er jo mykje både ver og vind, eg berre konstanterar at dei siste 3 gongane eg skulle reist med Widerøe så har eg altså vorte forseinka med ca 10 timar til saman. Så no sit eg altså her hos Saman og tenkjer at jammen er det fint med gratis nett og stikkontaktar som eg kan bruke.

15.11.2006

Fiaskomuseum

Eg har nett vore rundt omkring i verda, nærare bestemt til Stjørdal. Der fekk eg høyre eit foredrag av ein av eldsjelene bak norsk fiasko museum. Det var eit retteleg bra foredrag med ein heil del sjølvinsyn. T.d. havnar museet i trøndelag, som no i etterkant framstår som genialt. Endeleg har eg forstått kvifor vi har trøndelag, det er der vi skal ha fiaskomuseet!. Dette er foreløpig eit urealisert prosjekt men godt på veg. Ein heil del kjende personar tekne med på lasset for å sikre at fiaskoen blir ein suksess, vi nevner i fleng: Tore Strømøy, eh ja det var vel faktisk den einaste som var heilt spikra. Oioioi dette gler eg meg til å følgje vidare. Eit problem er jo at om fiaskomuseet blir blir ein suksess så er jo det ein fiasko for eit fiaskomuseum. Og om det blir ein fiasko så er det jo ein suksess, som igjen vil føre til at det er ein fiasko som er ein suksess. Dette må jo bli bra. Foreløpig har eg funne ei nettside som omtalar dette og det ser ut som ein lovande kandidat til fiaskomuseumet. Døm sjølv, takk for seg. Omtale av fiaskomuseet

26.09.2006

Sauehaue og fårikål!

Så er det sesong att! Sauene har komme velfødde og veltrimma til slaktebenken etter ein strålande sommar til fjells. Så det er berre å kose seg, dele dei opp i passelege stykkje og fråtse heile hausten fram til jul. Men ein ting er viktig, namn! Eit lite kjent faktum er at dyr ein kjenner smakar betre, og korleis blir ein kjent, jau ein lærer ofte namn først. Det er ikkje alle forunnt å faktisk få arbeide med dyra og verte retteleg godt kjende med dei men det alle kan gjere er å gje den stakkars skrotten som skal etast eit godt namn. Ingenting er som å stirre inne i dei varme nykokte rykande ferske sauehaue augo til Ulla som ein fora med tåteflaske som lite lam. God apetitt!

25.08.2006

Oioioi det gjekk fort!

Ikkje før var var verda atter ein gong underlagt Movable Type, så er teknobonden attende med bløgg over liv og lyst. Jamnt over er det mykje som går over stokk og Stein, mykje av det er greit men ein del er ikkje så greit. Traktorar er laga for å gå over stokk og Stein, er det derimot politisk fjanteri så gjer det seg dårlegare. Konklusjonen må verte at om det er nokon med litt godt bondevit i førarsetet så går det godt.

...Teknobonden...

09.03.2006

Så kaldt, så kaldt, kva kan vi gjere?

Ein vakker kveld i sofaen, med urix på skjermen, tenkte eg at det var på tide å vrenje or seg litt vrede over verda. Nok ein gong har kulda tatt landet vårt. Målingane visar over 30, så kaldt så kaldt. er det ikkje snart på tide å forlate dette landet, eg klarar ikkje meir. Det er knapt så det ikkje er sirkulasjon lenger det er mest så eg tvilar på om samfunnet vårt tåler dette. Og eg blir så fortvila for at ingen gjer noko med dette. Myndigheitene og politkarane må vakne det må løyvast pengar til brøyting og reparasjon, alt tilgjengeleg mannskap må kallast ut, kvar bonde sin traktor, med plog og gravemaskin og gjerne vannkanon, må vi få renska landet og gatene for desse helvedes FRParane.

06.06.2005

Britre erfaringar?

Eg har stavra meg til Glasgow og attende! Aldeles strålande tur og mykje kos men eg slit med omgrepa og innhald eg er beint fram usikker på kva ein skal tyde ut av følgjande:

Continue reading "Britre erfaringar?" »

25.05.2005

1. gong på fotballkamp!

Det hadde du nok ikkje tenkt om meg, men eg har vore på fotballkamp og betalt for det. Ein gong må jo være den første og nokre betraktningar er på sin plass.

Continue reading "1. gong på fotballkamp!" »

Vårens vakraste eventyr

Kva er vel betre i livet en å vinna over teknologien. I den djupaste fortviling finnest det håp. Dette er ein forteljing frå røydomen tru det den som vil!

Continue reading "Vårens vakraste eventyr" »

31.03.2005

Dette med D faktor på Scannerar!

Dmax is usually stated along with the specifications of a scanner. This will help you determine if the scanner can capture the full details of your originals, such as prints, slides, and negative films. You can use the approximate Dmax values for other devices as a reference point -- clearly, if you print anything, you will be tossing out information in the original digital image that simply cannot be reproduced on paper. Even a monitor cannot display the full range of colors present in an original film slide.
Usually, Dmin is not stated, but is 0.5 or less. The difference between Dmax and Dmin is the full range of detail that can be captured by the scanner. Naturally, with the assumption of Dmin above, a higher Dmax means a better scanner.
Dmax: the darkest shadows in an image (Dmin: the lightest highlights in an image). Dmax ranges from 0 to 6. Dmax 5 can be considered to be black carbon laser print.
====================
Calculation of DMax:
====================
Dmax = Log10 (shades per color RBG)
If you have 24 bits/pixel of color, that's 256 shades per RGB. Thus, log10 256 = Dmax 2.4.
Dmax 2.4 = 256 shades RGB = 24 bits/pixel
Dmax 3.0 = 1000 shades RGB = ~30 bits/pixel
Dmax 3.3 = 2000 shades RGB = ~33 bits/pixel
etc.
========================
Approximate Dmax scales:
========================
1.5 - 2.0 - half-tone prints (eg. magazines, publications)
2.4 - 24 bit computer images (eg. 16 million colors displays)
2.8 - 3.0 - Print photographs
3.2 - 3.5 - Slide photographs
4.5 + - Looks identical to reality.